Innholdsfortegnelse

1. Innleiing

Utgangspunktet er at eit samliv mellom to menneske ikkje har nokon rettslege verknadar, verken i rettstilhøvet mellom sambuarane, eller i høve til utanforståande. Dersom ein sambuar fell frå, vil det likevel kunne oppstå rettslege verknadar, i form av attlevande sambuar sin rett til arv og til å sitje i uskift bu.

2. Dei økonomiske tilhøva under samlivet

Eigedelar

Når det gjeld eigedelar, må ein skilje mellom eigedelar den einskilde sambuar kjøper åleine, og eigedelar sambuarane kjøper saman. Utgangspunktet i eit sambuarforhold er at kvar av partane vert eigar avgjenstandar denne kjøper under samlivet, eller gjenstandar denne tok med seg inn i samlivet. Det same gjeld formue eller gjenstandar ein mottek som arv eller gåve. At partane har eit samliv, har såleis ingen innverknad på dei rettslege tilhøva når det gjeld gjenstandar dei kjøper kvar for seg.

Eigedelar partane kjøper i fellesskap, vert som hovudregel i sameige mellom dei. Sameiget vil her i utgangspunktet følgje reglane i sameigelova. Eigarforholdet må fastsetjast ut i frå ei vurdering av kva den enkelte sambuar har ytt ved kjøpet. Dersom det ikkje er grunnlag for noko anna, er utgangspunktet at sameigarane har ein like stor eigarpart kvar. Sameigepartane er ideelle partar, og er såleis ikkje knytt til særskilde delar av gjenstanden.

Eigartilhøva kan ha verknader i fleire samanhengar. Mellom anna vil det vere slik at kvar av partane har rådvelde over eigedelar, både faktisk og juridisk. Etter dette kan kvar av sambuarane som hovudregel nytte sine eigne eigedelar slik dei vil. Der det er tale om sameigegjenstandar, vil rådeveldet over eigedelen vere avgrensa etter kor stor eigarparten er.

Eigartilhøva vil og bety noko i høve til kreditorbeslag, då ein kreditor berre kan ta beslag i dei eigedelar som høyrer til skyldnaren. For at ein i desse høva skal vere sikra mot kreditorbeslag, må ein ha såkalla rettsvern. Det tilrådas her at ein tinglyser begge partars rettar, også for å hindre at ein sambuar opptrer som eineeigar, og gjer disposisjonar som kan få utslettande verknad for den andre. For fast eigedom får ein rettsvern gjennom tinglysing i grunnboka. For lausøyre får ein hovudsaklegrettsvern ved å ha gjenstanden hjå seg, men einskilde typar lausøyre kan sikrast gjennom registrering. Dette gjeld mellom anna verdipapir og bilar.

Gjeld

Utgangspunktet er her at kvar av partane har ansvaret for si eiga gjeld, uavhengig av om gjelda er teken opp før eller under samlivet.

Det er ikkje noko i vegen for at sambuarar kan ta opp lån i fellesskap. Om eit lån som har oppstått under samlivet er felles, må avgjerast gjennom ei tolking av låneavtalen. Det mest vanlege der to personar har felles ansvar for eit lån, er at dei er solidarisk ansvarlege. Dette betyr at långjevar kan velje kven av partane den vil krevje dekning frå. Kva det reelle ansvarstilhøvet mellom sambuarane er, må avgjerast ut frå avtalen mellom dei. Ein slik avtale mellom sambuarane har likevel ikkje verknad i høve til kreditor.

I dei høve ein sambuar dekker meir enn sin del av gjelda overfor kreditor, har denne eit krav mot den andre på tilbakebetaling. Dette vert kalla regress. Alternativt kan ein sjå på nedbetalinga slik at sambuaren berre har betalt sin del av lånet, og at den andre sambuaren difor framleis har same pliktar ovanfor kreditor. Det må altså skiljast mellom sambuarane sitt gjeldsansvar overfor kreditor, og gjeldsansvaret sambuarane har avtalt seg imellom.

Dersom lånet vert mislighalde, kan kreditor tvangsinndrive lånet ved å ta beslag i skyldnaren sine eigedelar. I utgangspunktet kan ein kreditor ta beslag i alle lausøyregjenstandar som er i felles bustad. For å hindre kreditorbeslag, må det godtgjerast at gjenstanden ikkje tilhøyrer skyldnaren.

Kreditor kan berre ta beslag i ideell part av felles fast eigedom som har vorte skaffa under samlivet. Det vil og her vere opp til sambuarane å godtgjere eit anna eigartilhøve. Det vil til dømes ikkje vere nok at berre den eine er registert som eigar, for å godtgjere at vedkomande er eineeigar. Vi vil derfor tilrå at sambuarane inngår ein avtale om eigartilhøva, som dei tinglyser i grunnboka. Dette vil då vere med å godtgjere kva som er det reelle eigartilhøvet.

Forsyting og fordeling av utgifter

Det finst ikkje nokon rettsleg plikt for sambuarar til å forsyte kvarandre, og utgangspunktet er at kvar av partane må betale sine eigne utgifter. I eit sambuarforhold vil det gjerne oppstå ein del felles utgifter. Vårt råd er at sambuarane inngår ein avtale om korleis slike utgifter skal delast, for å unngå usemje om dette både under samlivet og ved eit eventuelt samlivsbrot.

Yting frå det offentlege

Utgangspunktet er at eit samliv ikkje har nokon direkte rettsverknad i høve til stønad frå det offentlege. I visse tilfelle kan ytingar verte reduserte av omsyn til sambuars inntekt. Meir informasjon om dette kan ein få gjennom NAV.

Skatt

Utgangspunktet er at sambuarar skal liknast som om dei er einslige, slik at dei høyrer til skatteklasse 1. Det kan vere unntak frå dette. For meir informasjon om dette kan skatteetaten kontaktast.

3. Oppløysing av sambuarforhold ved samlivsbrot

Eigedelar og formue

Hovudregelen er at kvar av partane ved fordelinga etter eit samlivsbrot har rett til å ta med seg eigedelar dei sjølv eig. Dei gjenstandar kvar av partane hadde frå før sambuarforholdet, eller seinare sjølv har erverva, er kvar av partane sitt eineeige. Dette er gjenstandar den enkelte sjølv skal ha etter samlivsbrotet.

Sameige

Der partane har kjøpt ein gjenstand saman, vert dei sameigarar i høve til den aktuelle gjenstanden. I desse høva er det i utgangspunktet sameigelova som regulerar tilhøvet mellom partane. Ved eit samlivsbrot vil ikkje sameiget automatisk brytast, og ein kan gjerne ha ein gjenstand i sameige sjølv om ein ikkje er sambuarar. Sameiget vert oppløyst anten ved at den eine kjøper den andre ut, eller ved at gjenstanden vert selt, og kjøpesummen vert delt i høve til eigarpartane.

Utgangspunktet er vidare at ingen av sambuarane har større rett til tingen enn den andre. Dersom sambuarane ikkje blir samde, kan begge sameigarar krevje sameige oppløyst. Sameigegjenstanden vert då seld gjennom namsmannen.

For at ein gjenstand skal vere i sameige mellom sambuarane, er det ikkje naudsynt at partane eig like mykje. Sameigepartane kan byggje på avtale mellom sambuarane, og i slike høve er det denne som skal leggjast til grunn. Der ein ikkje har slik avtale, må ein sjå på kva kvar av partane har ytt ved kjøpet av gjenstanden.

Eineeige eller sameige?

I høve der sambuarane har hatt felles økonomi, er det gjerne vilkårleg kven som har betalt for dei einskilde gjenstandane. Til dømes kan det vere slik at den eine av partane har dekka dei daglege utgiftene, medan den andre har kjøpt gjenstandar som er meint å vare over lengre tid. Der dette har vore meir eller mindre tilfeldig, og erverva/forbruket har vore meint til felles bruk, er det naturleg å rekne desse gjenstandane for å vere i sameige mellom sambuarane med ein lik eigarpart på kvar.

Felles bustad

Prinsippet om at den som har betalt for ein gjenstand vert eigar av denne, gjeld i utgangspunktet og i høve til felles bustad. Likevel finst det reglar som gjer at den eine av partane kan ha krav på å få overta felles bustad som er eigd av den andre.

Der det berre er den eine som betalar for bustaden, vert bustaden denne sitt eineeige. Den andre sambuaren kan i slike tilfelle ha rett på eit vederlag, med utgangspunkt i alminnelege rikingsprinsipp og rimelegheitsvurderingar. Dette kan vere relevant der den eine sambuaren har tilført den andre ein økonomisk fordel, til dømes ved å bidra med kapital eller arbeid ved oppussing av bustaden som er den andre sitt eineeige. Det må også vere rimeleg å tilkjenne sambuaren vederlag. Vurderinga av om ein har krav på vederlag må gjerast konkret i det einskilde tilfelle.

Unntak frå regelen om eineeige kan ein også få der den som betalar for bustaden ikkje betalar for noko meir, medan den andre betalar mat og andre daglege utgifter. I desse høva kan det verte feil å seie at bustaden berre skal vere den eine sitt eineeige. Den andre sambuaren kan her, på andre måtar enn ved pengar, ha gjort det mogleg for den som har erverva bustaden å betale ned på lån, og dermed ha opparbeidd seg ein sameigepart. Rettspraksis viser at blant anna arbeid i heimen kan være slikt indirekte bidrag til ervervet.

Rett til å overta felles bustad og innbu

Vidare kan ”Lov om rett til felles bolig og innbo når hustandsfelleskap opphører” (husstandsfellesskapsloven) regulere kva som skal skje med felles bustad og innbu. Lova gjeld berre i høve der samlivet har vart i minst to år, eller der sambuarane har born eller ventar born saman. Etter husstandsfellesskapsloven § 3 kan ein sambuar «når sterke grunner taler for det», få rett til å overta bustad eller andel av bolig som tilhørar ein annan av partane som er brukt som felles bustad, eller få rett til å tre inn i husleigekontrakt og liknande.

Vidare må bustaden ha vore brukt som felles bustad. Dersom sterke grunnar talar for det, kan den eine parten etter denne lova ha rett til å overta sjølve bustaden, sjølv om denne er den andre parten sitt eineeige. Når lova krev sterke grunnar, viser det til at det skal mykje til for å overta bustaden etter denne lova, der partane ikkje er samde. Særleg skal det leggjast vekt på kven av foreldra borna skal bu hjå.

Reglane gjeld berre i høve til kven som faktisk skal ta over bustaden. Eigar av bustaden vil uansett ha rett på verdien på bustaden. Dette vil seie at den som overtek bustaden må kjøpe ut den andre sambuaren med den verdien som tilsvarer denne sin eigarbrøk.

Der bustaden er overteken etter arv eller gåve, eller der det er hefta odel på eigedommen, kan den andre ikkje krevje å ta over bustaden etter husstandsfellesskapslova.

Der det ikkje føreligg sterke grunnar for overtaking av bustaden, kan ein likevel få ein bruksrett til bustaden. Dette gjeld og i dei høva der eigedommen er overteke etter arv eller gåve, eller ved odel. Vilkåret er at det må føreliggje særlege grunnar. Det er såleis eit lågare krav enn ved sterke grunnar, men også i desse tilfella skal det mykje til. Der ein part får bruksrett til bustaden, skal parten betale vederlag til den andre for bruken. Leiga skal vere vanleg marknadsleige. Om bustaden er i sameige mellom partane, skal leiga nedsetjast høvesvis.

Gjeld

Utgangspunktet for gjeld, er at ein nyttar dei same prinsipp som for formue. Kvar av partane er ansvarlege for si eiga gjeld. Gjeld som er knytt til gjenstandar den eine eig, vert denne si gjeld. Dersom det er gjeld knytt til sameigegjenstandar, må denne gjelda normalt fordelast etter eigarpartane. Ein må likevel ta omsyn til kva måte kvar av partane har finansiert gjenstanden på. Til dømes der ein sambuar har finansiert sin sameigepart ved gjeld, og den andre sambuar har finansiert sin sameigepart ved eiga formue, må førstnemnte sambuar vere ansvarleg for gjelda åleine. Om ein sambuar her er åleine ansvarleg for gjelda ovanfor kreditor, eller om det her er tale om gjeldsansvaret sambuarane seg imellom, beror på avtalen sambuaren/sambuarane har inngått med banken.

4. Opphør av samlivet ved ein sambuar sin død

Kven reknast som sambuar etter arvelova?

Som sambuar i arvelovas forstand, reknast som utgangspunkt to personar over 18 år (av same eller motsett kjønn), som korkje er gift, registrert partnar eller sambuar med andre (bufellesskap fell utanfor), men som lev saman i ekteskapsliknande forhold. Som utgangspunkt må dei to vere permanent busett i same bustad. Ein sambuar sin arverett går likevel ikkje tapt sjølv om sambuarane bur frå kvarandre i ein tidsperiode, til dømes på grunn av utdanning, arbeid, sjukdom, opphald på institusjon eller liknande.

Livsarvingar sin rett på arv

For ein arvelatar med livsarvingar har arvelova fleire reglar som set grenser for ein sambuar sin testasjonsfridom. Livsarvingane (avdøyddes born, barneborn osv.) har i utgangspunktet krav på 2/3 av arvelatars formue. Dette kallas pliktdelsarv.
Pliktdelsarven kan likevel avgrensast til kr 1 000 000,- til kvart av borna til arvelataren, eller til kvart born si linje, dersom avgrensinga skjer i testament. I slike høve har likevel fjernare livsarvingar enn arvelatars born, krav på minst kr 200 000,- kvar. Til dømes aukar pliktdelsarven til kr 1 200 000,- for linja, dersom linja har 6 fjernare livsarvingar, og til kr 1 400 000,- dersom linja har 7 fjernare livsarvingar.
Dette gjeld uansett om det er tale om felles born eller særkullsborn. Regelen om pliktdelsarv kan ein ikkje fråvike i testament. Sambuar sin rett til arv kan vere prioritert foran arvelatar sine livsarvingar sin rett til arv. Sjå meir om dette nedanfor.

Sambuar sin rett på arv etter lova

Den som var sambuar med avdøydde på tidspunktet for dødsfallet, og har, har hatt eller ventar barn med den avdøydde, har rett på minstearv tilsvarande 4 gonger grunnbeløpet i folketrygda ved dødsfallet. Dersom vilkåra er innfridd, har altså sambuarane ein ikkje vilkårsbunden rett til arv utan at dette må følgje av eit testament. Arveretten går også føre eventuelle livsarvingar sin rett til arv.

Sambuarar som ikkje har, har hatt eller ventar barn, men som har vore sambuarar minst dei siste fem åra før dødsfallet, har tilsvarande arverett som nemnt ovanfor, dersom dette er fastsett i testament. Sambuarar har altså i slike tilfelle inga automatisk arverett, då arveretten her er avhengig av at ein sambuar ønskjer å tilgodesjå den andre ved testament. Dersom ein sambuar blir tilgodesett i eit testament, vil sambuars arv på 4 gonger grunnbeløpet i folketrygda, gå foran arven til arvelatars eventuelle livsarvingar (i dette tilfellet: arvelatar sine særkullsborn). Grunnbeløpet finn ein på www.nav.no, og utgjer per 01.05.2015, kr. 90 068,-.

Avgrensing av sambuar sin rett til arv etter lova

I motsetning til ein ektefelles krav på minstearv, kan sambuar sin rett på arv etter lova avgrensast i testament. Ein arvelatar står dermed fritt til å frata sin sambuar rett på arv etter seg. For at eit slikt testament skal vere gyldig, er det eit vilkår at den andre sambuar fekk kunnskap om testamentet før arvelatar fell frå. Ei slik varslingsplikt gjeld ikkje om det er urimeleg vanskeleg å varsle sin sambuar. Terskelen for dette er likevel høg.

Arv og testament

I tillegg til arv etter lova, eller dersom ein sambuar ikkje har krav på arv etter lova, kan ein sambuar tilgodesjåast i testament.

Dersom avdøydde etterlet seg livsarvingar, har dei som nemnt ovanfor i utgangspunktet krav på 2/3 av formuen etter avdøydde i pliktdelsarv. Dersom resten av avdøydde si formue overstig sambuaren sin arv på 4 gonger grunnbeløpet, står man altså fritt til å etterlate også denne formuen til sin sambuar. Dette gjeld og der ein sambuar ikkje automatisk har krav på arv etter sin sambuar.

I dei tilfelle kor sambuarane ikkje har, har hatt eller ventar barn, og sambuarane ikkje har tilgodesett kvarandre i testament, vil alt avdøydde etterlet seg gå til næraste slektning etter arvelova sine reglar.
Dersom avdøydde sambuar ikkje etterlet seg livsarvingar, står han fritt til å testamentere bort heile si formue til sin sambuar. Dette inneber at ein i slike høve kan tilgodesjå sin sambuar med heile eller delar av si formue, dersom ein ønskjer dette.

Sambuarar kan testamentere til fordel for kvarandre i same testament. Testamentet vert då kalla eit gjensidig testament, dersom det er ei tilknyting mellom testasjonane. Eit gjensidig testament kan tilbakekallast kva tid som helst, men det er ein føresetnad at den andre parten får melding om dette. Dersom den eine av partane døyr, må ein vere merksam på at eit gjensidig testament vil vere gyldig også etter dødsfallet. Dersom ein ønskjer endringar, må ein difor hugse å endre eller tilbakekalle testamentet. Vi gjer merksam på at testamentet kan innehalde avgrensingar i høve til dette.

Eigartilhøve

For å fastslå kor mykje ein sambuar etterlet seg, og kva som dermed skal tilfalle hans arvingar, må ein fastslå eigartilhøva mellom sambuarane.
Som ved økonomisk oppgjer etter samlivsbrot, vil eigartilhøva til dei enkelte eigedelar følgje av vanlege formuesrettslige reglar eller avtale mellom partane. Der sambuarane til dømes har gjort ein avtale om eigartilhøvet som ikkje får verknad før den eine sin død, kan avtalen verte rekna som ein testamentarisk disposisjon. I slike høve må avtalen oppfylle formkrava til eit testament for å vere gyldig.

 

Gjeld

På same måte som ved fordeling av eigedelar, er reglane ved fordeling av gjeld at den einskilde sambuar berre er ansvarlege for si eiga gjeld, og ikkje sambuaren si. Her er det viktig å merke at dersom sambuarane mellom seg har avtalt ei ansvarsfordeling, kan denne avtalen gjerast gjeldande av dødsbuet til den avdøydde. Det er det faktiske gjeldsansvaret som gjeld, ikkje kva som er avtalt med kreditor.

Der sambuarane er solidarisk ansvarlig for gjelda, kan kreditor krevje heile beløpet dekka av den attlevande. I slike høve kan den attlevande krevje dødsbuet for den del av gjelda som avdøydde var ansvarleg for, men dette gjeld berre så langt det er dekning i buet.

Jussformidlingen vil tilrå at alle sambuarar med felles gjeld vurderar å teikne gjeldsforsikring. Dette er ei forsikring som slettar lånet ved død, og i høve der ein vert varig ufør grunna sjukdom eller ulukke.

Arv når ein sambuar ikkje er formelt separert frå tidlegare ektefelle

Der ein sambuar har tidlegare ektefelle, men ikkje er formelt separert, vil også ektefellen ha krav på arv etter avdøydde. Formelt separert vil her seie separasjonsbevilling frå Fylkesmannen eller skilsmisse ved dom.

Ein kan likevel i eit testament redusere attlevande ektefelle si arv til 4 gonger folketrygda sitt grunnbeløp. For at eit slikt testament skal vere gyldig, må ektefellen underrettast om dette.

Unntak frå sambuar sin arverett

Dersom ein sambuar vel å sitje i uskifta bu etter avdøydde, og buet ikkje skiftas før attlevande sambuar fell frå, vil det ikkje reknast arv frå førstavdøydde sambuar til attlevande sambuar.

Dersom buet skiftas før attlevande sambuar fell frå, vil arveretten bestå. Dersom netto verdi i uskiftebuet ikkje overstig 4 gonger grunnbeløpet, vil den attlevande sambuar motta heile formuen som arvelatar etterlet seg. Sambuaren vil i så tilfelle ikkje ha krav på tilbakeføring av arv som dei øvrige arvingane har motteke i form av verdiar som ikkje gjekk inn i uskiftebuet. Sjå meir om uskifte nedanfor.

5. Sambuar sin rett til å sitje i uskift bu

Generelt om uskifte

Med skifte meinast fordeling av arven etter avdøydde. Attlevande sambuar har i visse høve rett til å sitje i uskift bu med nokre av avdøydde sine eigedelar. Med uskift bu meinast at skiftet etter førstavdøydde vert utsett, og at attlevande får nærmast full disposisjonsrett over dei eigedelar han overtek uskift.

Kven som reknast som ein sambuar i arvelovas forstand, kjem fram ovanfor under punkt III om sambuar sin arverett.

Retten til å sitje i uskift bu gjeld overfor felles livsarvingar eller avdøydde sine andre arvingar etter lova. Det vil seie at retten til å sitje i uskift bu er prioritert føre slike arvinggrupper sin rett til arv. Attlevande sambuar har ikkje plikt til å sitje i uskift bu, og kan velje å skifte heilt eller delvis med arvingane. Ein skifteprosess kan også gjerast fortløpande over tid.

Dersom attlevande nyttar seg av retten til å sitje i uskift bu, må vedkommande gi melding til tingretten innan 60 dagar etter dødsfallet. Det er normalt mogleg å få utsett fristen ved å kontakte tingretten.

Dersom ein sambuar velgjer å nytte seg av uskifteretten, vert vedkommande personleg ansvarleg for førstavdøyddes pliktar. Det vil i slike høve vere mogleg å utferdige proklama, slik at ein får ei oversikt over avdøyddes gjeld. Me gjer merksam på at ein til dømes ikkje får oversikt over avdøydde sambuars skattegjeld ved proklama. For meir informasjon om proklama, og kva gjeld ein ikkje får oversikt over ved proklama, kan tingretten kontaktast.

Kva eigedelar går inn i uskiftebuet?

Attlevande sambuar har rett til å ta over felles bustad og innbu uskift. Som innbu reknast som utgangspunkt det som følgjer den faste bustaden, men ikkje ting som var til avdøydde sambuar sin personlege bruk, til dømes klede, smykker o.l., uskifteretten grenser og mot samling av kunst og reine investeringsobjekt.

Attlevande sambuar har og rett til å sitje i uskift bu med bil og fritidseigedom med innbu, som tente til sambuarane sin felles bruk.

Attlevande sambuar sin rett til å sitje i uskift bu, kan verte utvida til også å gjelde den avdøydde sambuar sine øvrige gjenstandar. Ei slik utviding kan skje ved at avdøydde sine arvingar samtykkja, eller ved at avdøydde sin sambuar fastsett det i testament. I slike høve kan det verte slik at også attlevande sambuar sine øvrige gjenstandar må gå inn i det uskifta buet.

Ein sambuar sin rett til å sitje i uskift bu kan avgrensast ved testament. Eit vilkår for dette er at attlevande sambuar fekk kunnskap om testamentet før arvelatar døydde. Av bevismessige grunnar, bør dette bekreftast skriftleg. Kunnskapskravet gjeld likevel ikkje dersom det var umogleg eller det etter tilhøva ville vere urimeleg vanskeleg å varsle han eller henne.

 

Dei viktigaste unntak frå/avgrensingar i retten til å sitje i uskift bu

Avdøydde har særkullsborn
Dersom avdøydde har særkullsborn, det vil seie born med andre enn attlevande sambuar, har desse straks krav på sin del av arven etter avdøydde. Med dette meinast at attlevande sambuar ikkje har rett til å sitje i uskift bu med særkullsborn. Overfor øvrige arvingar består likevel retten til å sitje i uskift bu. Særkullsborn kan velje å samtykkje til å la attlevande sitje i uskift bu.

Eit slikt samtykkje kan gis både før og etter førstavdøydde sin bortgang. Samtykkje bør gis skriftleg.

Avdøydde eller attlevande sat i uskift bu då avdøydde fall frå
Ein attlevande sambuar som sat i uskift bu etter tidlegare avdøydd sambuar/ektefelle, vil ikkje ha rett til å ta over også det nye buet uskift.

Dersom den avdøydde sambuar sat i uskift bu, vil ikkje den attlevande sambuar ha rett til å ta over eigedelar frå buet, før skifte er gjennomført.

Avdøydde har oppretta testament som skal gjelde ved sin bortgang
Dersom avdøydde har oppretta testament som skal tilgodesjå nokon ved sin bortgang, vil dette kunne avgrense attlevande sambuar sin rett til å sitte i uskift bu tilsvarande.

Det er og her eit vilkår at attlevande kjente til testamentet før arvelataren sin død. Dersom ikkje attlevande har kunnskap om testamentet, har vedkommande uansett rett til å sitje i uskift bu og overfor testamentsarvingane; det vil seie at testamentet først kan gjerast gjeldande ved attlevande sin bortgang, eller når skifte vert gjennomført. Kravet om kunnskap gjeld likevel ikkje dersom det var umogleg eller det etter forholda ville vere urimeleg vanskeleg å varsle vedkommande.

Dersom kunnskapskravet ikkje er innfridd, kan ein testamentsarving likevel samtykkje til å utsette oppgjeret til etter attlevande sin død.

Attlevande sambuar inngår nytt ekteskap
Dersom attlevande sambuar gifter seg, fell retten til å sitje i uskift bu bort. Buet skal då skiftes med arvingane etter førstavdøydde. Det er usikkert om tilsvarande vil gjelde dersom attlevande sambuar inngår nytt sambuarskap, og sambuarskapet har vart i meir enn to år, eller sambuarane har, har hatt eller ventar born saman, slik det er for attlevande ektefellar.

Fast eigedom og visse gåver
Det er eit absolutt forbod mot at attlevande sambuar som sit i uskift bu kan gje bort fast eigedom utan samtykkje frå arvingane. Attlevande kan heller ikkje utan samtykkje gi bort andre gåver som står i mishøve til formuen i buet. Kor mykje som skal til for at gåva står i mishøve til formuen i buet, må vurderast konkret. Føresetnaden er at gåva er av ein viss storleik. Vanlege dagligdagse gåver fell utanfor. Viss ein lurer på om ei gåve vil vere i strid med reglane, kan ein søkje juridisk bistand for ei nærmare vurdering.

Forbodet gjeld og for gåvesal. Det vil seie at sal av til dømes fast eigedom til underpris med gåvehensikt ikkje er tillete. Det same gjeld gåvesal av anna enn fast eigedom.

Gåver eller gåvesal som nemnt ovanfor, kan krevjast omstøytt av ein arving dersom gåvemottakaren skjønte eller burde skjøna at sambuaren ikkje hadde rett til å gje gåva. Omstøyting betyr at gåva eller gåvesalet blir oppheva, og ytingane frå kvar blir tilbakeført. I følgje rettspraksis vil det etter tilhøva kunne vere nok at kjøparen/gåvemottakaren visste at seljer/givar sat i uskift bu og ut frå pris m.v. burde forstå at overdraginga var eit gåvesal/ei gåve.

For å krevje ei gåve omstøytt må arvingane reise søksmål innan eitt år etter at dei fekk kunnskap om gåva eller gåvesalet. Blir kravet satt fram mens buet er under offentleg skifte, må det vere sendt tingretten innan eitt år etter at vedkommande fekk kunnskap om gåva/gåvesalet.

Testasjonstilgang
Attlevande sambuar som sit i uskift bu kan ikkje foreta testamentariske disposisjonar over formue som er arv etter førstavdøydde. Altså kan ein attlevande sambuar berre råde over formue som skal tilfalle sine arvingar. Med dei same atterhald kan likevel attlevande sambuar som sit i uskift bu ved testament rå over bestemte eigelottar som ikkje førstavdøydde særskilt har ført inn i buet.

Oppgjer til arvingane under uskiftet
Attlevande sambuar som sit i uskift bu kan gje fullt eller delvis oppgjer til ein eller fleire av arvingane. Dette føreset at alle arvingane får like stor del av arvelottane sine, eller har gitt sitt samtykkje. Kvar av dei andre arvingane kan i motsatt fall krevje tilsvarande oppgjer. Er ikkje sambuaren villig til dette, kan arvingane krevje at buet blir skifta.

Har en arving fått særoppgjer som ikkje er endeleg arveoppgjer, skal det ved seinare skifte gjerast frådrag i arva til vedkommande arving.

6. Høve til å overta eller få bruksrett i felles bustad når ein sameigar ikkje har rett til å sitje i skift bu

Der bustaden vert eigd med ein del kvar, vil den attlevande sambuar ha rett til sin del av bustaden. Den delen av bustaden som ikkje er attlevande sambuar sin, og ikkje tilfell attlevande sambuar ved arv, tilfell arvelatars øvrige arvingar etter lov eller testament. Dette vil seie at der den attlevande ynskjer å ta over heile bustaden, må denne kjøpast av avdøyddes øvrige arvingar. Dette kan ofte få den konsekvens at bustaden må seljast, då attlevande ikkje har råd til å kjøpe den andre sin del.

Etter «lov om rett til felles bolig og innbo når husstandfellesskap opphører» kan den attlevande få ein forkjøpsrett til bustad den andre eig, så lenge den er brukt som felles bustad, og dersom særlege grunnar talar for det. Dette medfører at attlevande sambuar kan få ein rett til å kjøpe ut dei øvrige arvingane. Dette kan skape økonomiske problem for attlevande sambuar. Jussformidlingen anbefaler i desse høve at sambuarane vurderar å opprette livsforsikring som føremonar kvarandre, slik at attlevande skal ha høve til å overta den felles bustad dersom det er ønskjeleg.

Det er likevel ingenting i vegen for at sambuarar, i høve kor uskifterett ikkje følgjer av lova, avtalar ordningar som tilsvarar uskifteordninga. Ein slik avtale må gjerast i testaments form. Av bevismessige grunnar tilrår vi her at ein innhentar skriftleg samtykkje til dette frå avdøydde sine arvingar.

7. Sambuaravtalar

Sambuaravtale
Eit sambuarskap fører ikkje til eit økonomisk felleseige, slik som ekteskap. Ved endt sambuarskap vil dermed alle eigedelar delast etter kven som eig tingen. For å hindre konflikt ved det økonomiske oppgjeret, bør ein inngå ein sambuaravtale.
Ein har full avtalefridom ved inngåinga av ein slik avtale, men vi tilrår å gjere den skriftleg for å unngå tvist om innhaldet i avtalen. Forslag til sambuaravtaler kan du finne på www.gratisrettshjelp.no. Føremålet med ein slik avtale vil hovudsakleg vere å førebygge rettsleg konflikt ved endt sambuarskap, og forhindre eit urimelig resultat ved delinga.
Det er føremålstenleg at avtalen regulerer kven som er eigar av eigedomane, lausøyret, bankinnskot og gjeld, samt kven som skal dekke utgiftene under samlivet, og korleis verdiane skal fordelast ved eit eventuelt

Kontakt oss

Jussformidlingen tilbyr gratis rettshjelp, og gratis juridisk bistand til privatpersoner. Vi hjelper deg uavhengig av din personlige økonomi og hvor du bor.

Telefon:
55 58 96 00

Adresse:
Sydneshaugen 10
5007 Bergen